
Re: Ny server, ny admin, nye muligheter
Kan oppsummere litt tanker eg har gjort meg om typiske admin-oppgåver:
1) Tilpasse og vidareutvikle forumet i tråd med ønsker frå regjering, kongress og folket forøvrig.
2) Overvåke og rydde spam og stenge ute brukarar som driv på med slikt.
3) Sørge for at president og andre med ansvar for tema/forum/underforum får gruppeleiarskap, moderator-rettar mv.
Eg har ei eiga ønskeliste over ting som bør på plass:
1) Knytte forumet mot eRepublik sin authentication API, slik at folk logger inn i forumet via den og dermed ikkje treng å opprette brukarkonto før dei kjem seg inn på forumet. Eksisterande brukarar blir ikkje berørt, dette vil gjelde for nye brukarar som dermed poster i forumet under citizen name, og der citizen-avataren automatisk blir lagt inn ved første gangs innlogging. Dette vil gjera det litt enklare for nye nordmenn å kome i gang med å bruke forumet direkte.
2) Knytte forumrettar til roller i eRepublik. Dette kan skje heil- eller halvautomatisk, og bør definerast av kongressen. Men det betyr t.d. at kongressmedlemmer automatisk kan poste i kongressforumet så snart dei er valgt inn, medan t.d. presidenten eller andre må manuelt godkjenne tilgang til lukka sikkerhetsforum mv. Likeeins må ein vurdere om det er tilganger president skal få automatisk eller om dette skal gjerast manuelt og etter ein prosedyre, til dømes for å forhindre at ein PTO-president går bananas med forumet vårt. Her er det berre å definere eit regelsett om korleis ein vil ha det.
3) Legge til rette for ein del automatisk logging av info. Til dømes kan ein lage ein "forumbot" som automatisk legger inn melding når nokon er gitt statsborgerskap og av kven, overføringar til/frå The Bank of Norway, mm. Dei som har tilgang til den automatisk oppdaterte medlemslista i forumet til Teknokratene veit kva eg snakker om.
Dei tekniske aspekta her held eg allereie med å teste ut på eigen server mot phpBB, så det er funksjonar som kan demonstrerast og tilbys erepublik.no og leggjast inn dersom kongressen ønsker det.
På sikt bør det sikkert vera 2-3 aktive administratorar. No når vi starter frå botn av og har høve til å styre korleis forumet skal fungere bør det rett og slett skrivast ein lov om forumet som gjer det tydeleg kva som er administrator sine arbeidsoppgåver og kva som krevjast av admins og moderatorar osb. Det er naturleg at det er kongressen som styrer denne utviklinga og regelverket rundt. Dermed blir også forumet vårt eige folkestyrte organ!
Hm.. i iveren skreiv eg dette på nynorsk. Vi får sørge god info på engelsk og/eller "google-trans-venleg" bokmål seinare
